© 2019 Gunnar F. Klinge

Anmeldelser

«Veien til nattens ende»: Grøss og gresk mytologi

Bokmelding av Veien til nattens ende av Gunnar F. Klinge: Denne boka er noko utanom det vanlege, og kan komme til å sette eit avtrykk i minnet ditt.

BOKKALENDER: Veien til nattens ende er ein fortelling om sakn, å føle seg einsam, og om å ofre og tørre for å redde den man er glad i. Boka er inspirert av greske gudar og myter, og inneheld historiar og sagn om dem som har mange fine og detaljerte beskrivelsar. Forfattaren skriv også om draumane til hovudpersonen Iris, noko som er veldig spanande og handlingsmetta, men nokon gongar kan det vere litt vanskeleg å klare å skilje mellom om det som står i boke er draum eller verkelegheit. Ho passar godt for barn og ungdom som likar både spanande og rolige fortellingar, og den eignar seg godt for aldersgruppa 9 til 13 år.


Iris bur saman med mora i eit lite tømmerhus. Ho har mista faren sin. Etter at det skjedde, ble ingenting som vanleg igjen. Bestemora ville ikkje ha noko med nokon å gjere. Alt hadde blitt feil.
 

Iris og mora har fått seg ein hund. Han hadde tissa på teppet og bæsja på gulvet, men han har vore der som ei trøyst. På skulen blir Iris kjent med den nye jenta i klassen, som heller ikkje har det så bra. Ho får seg ein ven som ho han finne trøyst i.

Ein dag går det frykteleg galt. Mora til Iris skal holde foredrag på eit hotell. Men ho kjem ikkje heim igjen. Ein del av ho er i dødsriket. Iris leggjer ut på ein farleg reise til nattas ende for å få mora tilbake. Ho må risikere alt, og stole blindt på ein ukjents ord, der det berre er eit hårstrå mellom å tape eller å vinne veldig stort.

Boka er ikkje direkte skummel, men utruleg spanande. Dersom du les ho i mørket, kan det gje assosiasjonar til mange mørke skapningar som ein kjenner frå grøssarane, noko som kan gjere boka meir skremmande. Denne boka er noko utanom det vanlege, og kan komme til å sette eit avtrykk i minnet ditt.